Monthly Archives: November 2015

Einsamflygar

bilde i

Einsamflygar

Barn, ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre
som flyg over havet i ei jamn, tett rad.

Vinden valde ut denne eine
og kasta han ut av den usynlege lei
som fuglar av hans slag plar følje.
Han er ikkje lenger ein av dei.

Sin eigen veg han må finne,
eller – om han trøytnar om litt –
si tapt, la seg falle, gå under,
slik går det desse einsame tidt.

Det mørknar vidt over havet.
Ei frostnatt kvesser sine jarn.
Ein fugl flyr einsam under stjerner.
Ikkje gråt for denne fuglen, barn.

-H Vesaas